Bremanger idrettslag søkjer kommunen om 25.000 kroner i støtte til aktiviteten Etter Skuletid.

– Bakgrunnen for desse aktivitetane er at born og føresette skal ha ein mindre stressande kvardag, med mykje køyring fram og tilbake til fotballtrening, skriv Anette Igland, leiar i idrettslaget.

Dei vidarefører ordninga med at Aktiv Jobb Bremanger har ansvaret for innkjøp og servering av mat. Dei som har ansvaret for borna under dei fysiske aktiviteatane får også ei lita godtgjerdsle. Foreldrebetaling er også innført, men for at dette ikkje skal verte ei økonomisk utfordring for dei føresette, har Nye Bremanger/Bremanger kommune tidlegare gått inn med litt midlar.

No søkjer idrettslaget om kommunal støtte for å vidareføre og utvikle Etter Skuletid. Delar av denne støtta vil også nyttast til innkjøp av diverse utstyr som trengst til aktivitetane.