Kommunereforma var naturleg nok eit heitt tema på Sogn og Fjordane FrP sitt fylkesårsmøte i helga, og fleire av deltakarane gjorde det klart at ein var skuffa over enkeltkommunar som ikkje har synt vilje til å samarbeide og forhandle om gode løysingar.

Frå kysten vart det synt stor misnøye med at Bremanger har vedteke å avbryte forhandlingane om ein kystkommune mellom Vågsøy, Bremanger og Flora, skriv partiet i ei pressemelding.

Både Ernst Veum frå Luster Frp og Rita Navarsete frå Sogndal Frp gav krass kritikk for at Sogndal har meldt seg ut av diskusjonen om ein storkommune i indre Sogn. – Om staten har høve til å tvinge Sogndal til ei samanslåing så bør dei gjere det, sa Veum i sitt innlegg på årsmøtet. Navarsete meite at rådmannen og Senterpartiet i Sogndal hadde kuppa prosessen, og meinet at ein måtte komme seg tilbake til forhandlingsbordet.

- Det er eit breidt fleirtal på stortinget for at enkeltkommunar, som stiller seg i vegen for fornuftige kommuneløysingar utifrå regionale hensyn, kan tvingast til samanslåing. Dette seier leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (FrP).

Njåstad åtvarar kommunar mot å kaste inn handkledet og ikkje forhandle med andre kommunar om kommunereforma no i innspurten. – Dette kan i ytterste konsekvens medføre at kommunen ikkje får være med å forme innhaldet i den kommunen dei vert ein del av i framtida, seier han.

Prosessen vidare no er at alle kommunar innan 1. juli skal melde tilbake kven dei ynskjer å slå seg saman med evt kvifor ein skal vere åleine.

Så har fylkesmannen frist til 1. oktober med å teikne kartet i fylket. Dette oppdraget har fylkesmannen fått frå eit stort fleirtal på stortinget.

Regjeringa vil deretter vurdere kommunestyra og fylkemennene sine vedtak før dei legg saka fram til stortinget som første halvår 2017 vil gjere endeleg vedtak knytt til kommunereformen.