Ungdomsrådet er som resten av kommuna delt i synet på om Vanylven bør verte ein del av Sogn og Fjordane.

– Det er eit skilje mellom Åheim og resten av kommunen. Eg tenkjer på den vidaregåande skulen og vil vere ein del av Møre og Romsdal. Fylkesgrensa er det største problemet sørover, seier 10.-klassingen Eline Norhagen frå Fiskå.

Representantane for ungdomsrådet kunne fortelje at rådet er delt i synet. På Åheim kan dei tenkje seg sørover, medan representantane frå Fiskå vil nordover.

– Det er seks mot fire i ungdomsrådet for Møre og Romsdal. Rådet er splitta, men tonen er god. Fylkesgrensa bør vekk, den er eit stort hinder. Skal vi til dømes på sjukehus, kan vi reise fram og tilbake med båt til Bergen på dagen. Skal vi til Trondheim blir det ein komplisert tur med buss og fly, seier Maria Hatlevik Borg frå Åheim.

Helse, skule og bru

Innbyggjarane i Vanylven står overfor tre val når kommunen inviterer til folkerøysting 25. april: Gå sørover og bli ein del av Statt kommune saman med Vågsøy og Selje, gå nordover og bli del av Runde kommune saman med Sande, Ulstein, Herøy og Hareid, eller stå åleine som Vanylven kommune.

Det var spesielt tre saker innbyggjarane var opptekne av under folkemøtet i Fiskå ungdomshus måndag. Den viktigaste var Rovdefjordsambandet som vil knyte Vanylven saman med nabokommunane i nord med bru. Det andre spørsmålet var helse og det tredje vidaregåande skule. Svara på spørsmåla handla stort sett om å ikkje bli ein del av Sogn og Fjordane fylke.

Skepsis

– Det er sagt at fylkesgrensa ikkje skal vere til hinder for spørsmål om helse og skule. Det er sagt at det også skal kome ein fylkesreform. Eit problem med kommunereforma er at vi ikkje får svar på spørsmåla knytt til fylke før vi skal avgjere kommunestrukturen, sa Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap). Ordførarane frå Herøy, Ulstein, Sande, Vågsøy og Selje var til stades i tillegg til Vanylven sin eigen ordførar Lena Landsverk Sande (V).

Etter å ha vore til stades på folkemøtet, høyrt på innlegga og snakka med folk, fekk vi ei kjensle av at den store entusiasmen for Statt-alternativet manglar i Vanylven.