Sogn og Fjordane Arbeiderparti ønskjer oppstart av Stad skipstunnel og ei hurtigbåtrute langs Vestlandet. Dei vil og sjå på moglegheitane for ei hurtigbåtrute ut av landet.

Arbeiderpartiet sitt fylkesårsmøte har dermed, som ein rekkje andre parti, slått fast at dei ønskjer at Stad skipstunnel vert prioritert i den første fireårsperioda av Nasjonal Transportplan (2018-2021). Denne uttalen om prosjektet vedtok Sogn og Fjordane Arbeiderparti i helga:

Stad skipstunnelSogn og Fjordane Arbeidarparti ønskjer god framdrift på arbeidet knytt til Stad skipstunnel, og vil prioritere den inn i første 4-års periode (2018-21) av NTP, med byggestart i første del av denne perioden.

Stad skipstunnel har vore eit prioritert prosjekt for Sogn og Fjordane Arbeidarparti i fleire tiår, og det er med stor glede vi no ser «lys i tunnellen». Prosjektet vil ha avgjerande betyding for utvikling av transport langs heile kysten av Noreg, men også for vidare utvikling av Sogn og Fjordane.

Hurtigbåt og transport frå veg til sjøSogn og Fjordane Arbeidarparti skal vere ein av pådrivarane til å få i gong miljøvenleg hurtigbåttransport langs kysten av Vestlandet. Stad skipstunnel opnar for store moglegheiter for godstransport frå veg til sjø, når ein kan gå med hurtigbåt mellom Bergen og Trondheim. Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner at ein snarast råd må setje i gong eit prosjekt (regionalt/nasjonalt) for å sjå på moglegheitene for hurtigbåttransport til kontinentet (Europa).