På torsdag skal Selje kommunestyre diskutere framlegg om bruk av overskotsmasse frå Stad skipstunnel.

Det er gjort godt arbeid i å beskrive ulike prosjekt. Seks er tilrådd for vidare utgreiing.

Eg har tidlegare skrive om skipstunnelen i avisa, og meiner framleis at vi risikerer å seinke det store prosjektet – skipstunnelen. Det kan skje om forslaga til bruk av masser ikkje er kvalitetssikra.

Ingen av dei foreslegne prosjekta har finansiering. Dei fleste er kontroversielle. Truleg vil fleire ikkje overleve vidare prosess.

Om til dømes ingen vil byggje oppdrettsanlegg inst i Moldefjorden, blir det ikkje noko av. Om nokon likevel vil, men ikkje får lov, blir det heller ikkje noko av. Slike avklaringar bør komme så tidleg som mogleg.

Stad skipstunnel vil vere ein viktig føresetnad for omlegging frå land – til sjøbasert tungtransport. Det er derfor naturleg å bruke massar til omlastingshamner for vidare transport. Denne dimensjonen manglar sidan det er dei nærliggande kommunane som har fått oppgåva å vurdere bruk av masser.

Den viktigaste avklaringa er likevel å bestemme kvar massar som ingen har bruk for skal leggast. Eitt varig sjødeponi på kvar side av Stad må peikast ut tidleg. Då blir ikkje framdrifta av skipstunnelen seinka.

Stig Hjelmeland

Leiar i Selje Arbeidarparti