Rema-kjøpmann Einar Hildenes på Nordfjordeid ber om utvida salstider for alkohol i daglegvarebutikkane i Eid.

Dette gjeld for øl og andre alkoholhaldige drikkevarer under 4,7 prosent.

Bakgrunnen er at butikkane i Eid har kortare salstid enn andre daglegvarebutikkar i Nordfjord.

Innspelet til Hildenes kjem i samband med revidering av rusmiddelpolitisk handlingsplan for Eid kommune