I år var det færre besøkande på verdas største fiskerimesse i Brussel. Coast Seafood var ei av bedriftene som reiste, trass i at trusselnivået i Brussel framleis er på det nest høgste nivået.

– Det farlegaste ein kan gjere er å leve. Vi var einige om at frykta ikkje skulle få styre og at vi skal leve som vi alltid har gjort, fortel salssjef i Coast Seafood, Helge Mork.

15 personar frå bedrifta deltok på verdas messa, som varte frå tysdag til torsdag denne veka.

Coast Seafood har sidan 2014 fått om lag 20 - 25 nye kundar, som eit resultat av at Russlandstrafikken vart stengt dette året, og det vart dermed meir fisk seld i Europa.

Det var færre besøkande på Seafood Expo Global i Brussel i år, samanlikna med i fjor.

– Eigentleg var det ei veldig godt besøkt messe, men ein merkar at terrortrusselen har hindra nokre i å kome. Dei som var der var der for ein grunn og var rett på sak. Det er nok nølerane som ikkje har kome i år, seier Mork.

– For oss er det viktig å vere i Brussel. Vi får masse treffpunkt, som vi elles må til fleire verdsdelar for å få. Vi har fått drive kundepleie av eksisterande kundar og vist oss fram for eventuelle nye kundar. Her er ein i hjertet av fiskeri, og ein får sjå nyhende på innkjøp- og salssida.

Leiinga i Coast Seafood har sagt at det var opp til kvar enkelt å bestemme om dei ville reise eller ikkje.

– Vi har valt å reise, men vi har forståing for at folk er uroa. Det er viktig at ein tar val som alle skal vere komfortable med, understrekar Mork.

I tillegg til at besøket var noko lågare i år, merka også Mork og dei andre at trusselnivået framleis er høgt i byen, då dei skulle til flyplassen.

– Vanlegvis må ein vere på flyplassen to timar før flyavgang, men no må ein møte fire timar før. Rett og slett på grunn av alle tryggingstiltaka. Men vi har kjent oss trygge heile vegen. Vi har kosa oss med nye og gamle kundar og lagt planar for framtida, fortel han.