Sjølv reserverer prost Rolf Schanke-Eikum seg, men han vil skaffe prestar slik at likekjønna par får høve til å vie seg i kyrkjene i Nordfjord når liturgien er godkjent i 2017.

– Førebels har vi ikkje snakka saman fordi dette er så pass nytt. Det er nedsett ei nemnd som skal lage ein liturgi, og han skal ut på høyring. I januar 2017 blir saka vedteken av Kyrkjemøtet og vi kan byrje å praktisere, seier prost i Nordfjord Rolf Schanke-Eikum.

Det var 11. april at eit fleirtal av medlemmene i Kyrkjemøtet vedtok at Den norske kyrkje skal få ein liturgi for vigsling av likekjønna par. Bak det historiske vedtaket ligg ei lang historie med harde frontar.

Ikkje tvang

– Det som ligg i vedtaket, er at dei som står for det klassiske synet, ikkje er tvinga til å gå imot eiga overtyding. Men det blir høve for alle til å bli vigde i ei kyrkje. Som prost skal eg skaffe prest. Vi vil ha oversikt over kven som seier ja og nei til å gjere dette i Nordfjord.

Schanke-Eikum seier han ikkje synes det er naudsynt at prestar går ut og klargjer synet sitt, og han ventar at dei som seier nei får den same respekten for synet sitt som ja-sida.

– Det er viktig å formidle at dette vil vi få på plass på ein grei måte. Likekjønna par som vil bli vigde i si eiga kyrkje, får det. Dei tek kontakt med kyrka på same måte som andre par.

Står for det klassiske

Han trur likevel det kan gå lenge mellom kvar vigsle.

– Vårt Land skreiv nyleg at talet på likekjønna vigsle truleg vil ligge kring 100. Det er over 100 prosti i landet, og ein veit at talet på likekjønna førebels er høgast i Oslo.

Det kan gå år mellom kvar gong dette er aktuelt, trur Schanke-Eikum.

Han stadfestar at han står for det klassiske synet.

– Ekteskapet i bibelsk forstand er mellom mann og kvinne. Det er kome ein ny juridisk definisjon om kva ekteskap er, og no har også fleirtalet i Den norske kyrkja sagt at dette vil vi vere med på. Eg hadde helst sett at dei som ynskte å leve i samkjønna forhold framleis kunne gjere det i eit partnarskap. Men eg tek til etterretning at det løpet er køyrt, og som prost vil eg leggje til rette for at dei som ynskjer likekjønna vigsle får det i si kyrkje som andre brudepar.