Namn: Kristina Jean Willoughby Alder: 26 årSivilstatus: i eit forhold Bustad: Praha i Tsjekkia, men kjem frå Måløy Yrke: medisinstudent

– Kva er du mest oppteken av? – Akkurat no er eg mest oppteken av å fullføre studiet mitt. Eg held på med sisteåret på medisin, så det krev mykje arbeid. Andre ting som er viktig for meg er reising, og at vener og familie har det bra!

– Kva gjer du på fritida? – Det går for det meste i lesing og jobbing. Elles er eg veldig glad i friluftsliv og trening, og når eg har litt ekstra tid likar eg å strikke eller slappe av med vener, kjærasten eller familie.

– Kven beundrar du? – Det er mange folk eg beundrar så det er vanskelig å velje, men eg beundrar folk som tør å gå sin eigen veg og ta sine eigne val. Litt klisjé kanskje, men trur det er veldig lett å følgje strømmen i staden for å stå på sitt.

– Kva er det beste med heimstaden din? – Det beste med Måløy må vere all familie og alle venane eg har her heime. Det er alltid like kjekt å kome heim att. Og den fantastiske naturen vi har her så klart, ingenting kan slå det!

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Ny fornybar energi oppfunnen i Måløy!

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag? – Då hadde eg tilsett meg sjølv som lege i kommunen, haha!

– Kva kulturoppleving hugsar du best? – Det er vanskelig å velje, men muligens ein Coldplay-konsert eg var på i Praha for nokre år tilbake. Det var heilt magisk!

– Kva har du på nattbordet? – På nattbordet har ikkje eg mykje spennande, eg har nokre bøker, mykje notatar og mobilen min.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag? – Det varierer veldig, men det går i VG, FB, medscape og webmd.

– Kva er meininga med livet? – Å leve livet medan ein kan, og ikkje ta ting for gitt.