Sjøfuglane har begynt årets hekkesesong og fleire stadar i vårt dekningsområde har du ikkje lov å opphalde deg.

I Sogn og Fjordane er 57 område verna som sjøfuglreservat, med ferdselsforbod i perioden frå og med 1. april til og med 31. juli. Nokre av sjøfuglreservata er berre små enkeltholmar, mens andre er større øygrupper med øyar, holmar og skjer. I tillegg er fem våtmarksreservat viktige hekkeområde, og desse har også ferdselsforbod i hekketida.

Fordi ferdselsforbodet skal gi sjøfuglane fred i hekketida, gjeld det både på land og på sjøen, opplyser Fylkesmannen.

I praksis betyr dette at det ikkje er lov å gå på land i sjøfuglreservata, og heller ikkje å ferdast i båt innanfor ein avstand på 50 meter frå øyer, holmar og skjer innanfor reservatgrensene. I nokre av dei største sjøfuglreservata er denne avstanden redusert til 10 meter. For yrkesfiske og tilsyn med beitedyr gjeld eigne reglar.

På grunn av ein langvarig situasjon med lite næring i havet, har sjøfuglbestandane i fleire år vore sterkt reduserte. Fylkesmannen opplyser at fleire artar har i Sogn og Fjordane gått ned meir enn 70 % etter århundreskiftet, og både havhest, krykkje, fiskemåse, hettemåse, makrellterne, tyvjo, teist, lomvi, alke og lunde har etter kvart hamna på den norske raudlista over truga og sårbare artar.

Dette er sjøfuglreservata i våre kommunar:

Bremanger

  • Frøyskjera naturreservat (minimum ti meters avstand)

  • Vengane naturreservat

  • Tennøyane naturreservat

  • Haukedalsholmane naturreservat

  • Skorpeholmane naturreservat

  • Veststeinen naturreservat

Vågsøy

  • Klovningen naturreservat

  • Stallbrekka naturreservat

  • Einevarden naturreservat

  • Lysholmen naturreservat

  • Sildekruna naturreservat

Selje

  • Flatholmen naturreservat

  • Høgfjellet naturreservat

I tillegg skriv fylkesmannen følgjande om Tungevåg naturreservat i Selje: Dette er ikkje eit sjøfuglreservat, men eit våtmarksreservat der verneformålet ikkje først og fremst er hekkande fugl, men overvintrande fuglar og fuglar på trekk. Her er det ikkje ferdselsforbod i hekketida, men forbod mot bruk av motorisert båt heile året, med to unntak: «Bruk av motorbåt i samband med tilkomst til naust/båtstø for grunneigarar/heimelshavarar», og «Fiske og bruk av motorbåt i samband med dette».

I Eid kommune er det ingen sjøfuglreservat. Vanylven har heller ingen, men har del i eit område med dyrelivsfreding som strekk seg frå Åram og nordover til Sandsøya. Dyrelivsfreding er ei mild verneform, så der er det ikkje ferdselsforbod, men det heiter likevel at «Alle fugle- og pattedyrartar, også fuglereir, egg og ungar, er freda mot jakt og fangst, skade og øydelegging av alle slag», så det er forbode å forstyrre dyre- og fuglelivet, opplyser Fylkesmannen.