Ein såkalla «apejungel» kan bli ein realitet ved Ålfoten oppvekstsenter.
Dette er eit felles prosjekt mellom skule, barnehage og idrettslaget i Ålfoten. Aktivitetsområdet blir eit supplement til ballaktiviteten, og er tenkt plassert ved sidan av ballbingen på idrettsplassen.
Den skal oppfordre til aktivitet, sosial kontakt og utforsking. Skule- og barnehageborna har behov for eit meir stimulerande og variert uteareal, og anlegget vil også bli nytta på fritida til liks med ballbingen.
På utkikk etter aktive barn
Bremanger kommune har no gitt si idrettsfunksjonelle førehandsgodkjenning. Godkjenninga er gitt med føresetnad om at tiltaket inngår i kommunedelplanen for idrett friluftsliv og fysisk aktivitet.
Aktivitetsjungelen vil koste litt over 400.000 kroner, og skal finansierast gjennom tilskot, dugnad og eigne midlar.
– Ein aktivitetsjungel er veldig stimulerande for barn. Den er rett og slett helsefremmande, skriv leiar i Ålfoten Idrettslag, Eldbjørg Aske Myklebust, i brev til Bremanger kommune.