Kven som går av med sigeren i årets Robinsonekspedisjon, der måløyværingen Espen Hammersvik er ein av finalistane, blir avgjort i kveld.

– Finalen blir ein veldig spennande episode. Fyrst vil det vere den tradisjonelle planken, der den som står lengst er sikra ein plass i finalen. Etter det er det semifinale blant dei tre gjenverande, og den konkurransen er den største som har blitt produsert i robinsonhistoria. Eg kan garantere at det blir veldig spennande, seier Hammersvik.

Det lange opphaldet i konkurransen sette spor både fysisk og psykisk.

- Det var ganske brutalt å ta den fyrste dusjen og sjå seg sjølv i speilet etter å ha vore der så lenge, seier 33-åringen frå Måløy, som reiste rett frå Robinsonekspedisjonen til Spania i bryllaup.

- Det var spesielt å treffe famiilien, og spesielt mora mi vart litt våt i auga når ho såg kva forfatning eg var i. Under opphaldet hadde eg gått ned 15-16 kilo, fortel han.

Hammersvik skal uansett utfall i finalen feire med familie, vener og kollegaer på Clarion Hotel Admiral i Bergen, der han arbeider til dagleg.