Måndag morgon strøymde folk til Eid rådhus for å stemme ja eller nei til kommunesamanslåing av Gloppen og Eid.

– Her var så trykk allereie før vi skulle opne dørene klokka 10, så vi valde å opne før, seier Irene Berteig, leiar for røystestyret for Nordfjordeid krins.

Kjell Haugland var ein av dei som stakk innom. Han var ikkje i tvil om at det var ja han skulle stemme.

– Det avgjerande var signala utifrå korleis kommuneøkonomien blir framover. Eid har det tøft nok med store gjeldsbyrder. Og så har eg sett på kommunikasjon og bru Lote-Anda, og meiner vi kjem styrka ut om Eid og Gloppen står saman, seier Haugland.

Vallokala er opne til i kveld i Eid rådhus, medan ute i krinsane stenger vallokala litt tidlegare.