I dag er det rådgjevande folkerøysting om Eid og Gloppen skal slå seg saman til ein kommune. To timar før vallokalet opna på Nordfjordeid stod eidarane i kø for å røyste.

629 eidarar har gitt si stemme under førehandsrøystinga. Til samanlikning var det om lag 750 personar som nytta seg av førehandsrøysting ved førre kommuneval.

– Vi har gjort fleire ting for å få folk til å seie si meining. Laurdag hadde vi med oss urna ut i Eidsgata, og i løpet av nokre timar fekk vi inn om lag hundre stemmer. Det ligg an til å bli ei god valdeltaking, fortel Endal Andersson.

– 1079 personar har førehandsrøysta. Dette er noko av det høgaste vi har hatt når det gjeld førehandsrøysting, uansett val, seier Siv Kvalsvik Haugen i Gloppen kommune til NRK.