Tekniske problem gjer at e-avisa til Fjordenes Tidende ikkje kom ut som den skulle måndag kveld klokka 21.00.

Det er berre sommaravisa som har vore tilgjengeleg som e-avis så langt sidan måndag.

- Vi arbeider med å få løyst problemet. Vi håpar dei som er abonnentar og som les e-avis snart kan få lese den 40 sider store avisa som er på veg ut til abonnentane i dag, seier redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.

Wåge beklagar det som har skjedd.

Klokka 09.30 tysdag morgon var feilen ordna, og no er e-avisa tysdag 31. mai klar for lesing.