Over 1.000 barn og ungdomar finn denne helga vegen til Selje-cup. Både dei og andre får ei helg med mykje pent vêr.

Fredag ettermiddag er det venta sol frå skyfri himmel, og temperaturar frå 12 til 16 grader. Vinden kjem som nordleg bris, og stiv kuling på kysten.

Søndag blir stort sett ein kopi av laurdagen. Yr melder at det for det meste blir opphaldsvêr og ein del sol.