Kommunestyret i Gloppen sa fredag nei til ei samanslåing med Eid kommune.

- Kommunestyret konkluderer med at Gloppen held fram som eigen kommune, heiter det i vedtaket. Kommunestyret viser til at 67 prosent av veljarane i folkeavrøystinga i Gloppen sist månad stemte nei til ei samanslåing med Eid.

I går vedtok som kjent formannskapet i Eid blant anna følgjande: "Den beste løysinga dersom det ikkje blir vedtak om kommunesamanslåing Eid/Gloppen vil vere at Nordfjord blir samla til ein kommune."

1. Gloppen kommunestyre viser til folkeavrøystinga 30. mai 2016, der 67 % av veljarane deltok i valet, og eit fleirtal røysta nei til kommunesamanslåing med Eid.Arbeidet med kommunereforma har vist at andre samanslåingsalternativ ikkje er aktuelle no.Kommunestyret konkluderer derfor med at Gloppen kommune held fram som eigen kommune.

2, Når det ligg føre forpliktande vedtak om bygging og finansiering av bru mellom Anda og Lote, vil kommunestyret ta opp saka om kommunesamanslåing med Eid kommune basert på intensjonsavtalen frå 2016.Punkt 1 vart vedteke med 19 mot 8 røyster og punkt 2 vart vedteke med 23 mot 4 røyster.