Kommunestyret i Eid ber rådmannen greie ut ei mogleg utmelding av Nordfjord Havn IKS.

Dette med sikte på å organisere hamneverksemda i eigen regi, eller i samarbeid med andre kommunar i midtre/indre Nordfjord.

Dette vart klart etter at kommunestyret i dag, onsdag, handsama saka om ein eventuell Sea Walk på Nordfjordeid.

Kommunestyret vedtok også å gå inn med inntil 3,2 millionar kroner i aksjekapital i selskapet SeaWalk Nordfjordeid AS.

– Nordfjord Hamn vil ha ei realitetshandsaming av saka. Dei har ikkje sett den på dagsorden enno, og har meldt at dei ikkje vil gjere det før i august når dei har klar ein samla strategiplan. Private investorar har difor jobba tungt med å få til ei alternativ finansiering, sa Alfred Bjørlo (V) frå talarstolen.

Dei private aktørane har auka opp sin del av eigenkapitalen frå 5,4 millionar kroner til 11 millionar kroner. Samla sett skal ein ha ein eigenkapital på 50 prosent av den totalte kostnaden på 32 millionar. Dette utgjer 16 millionar kroner.

Grunna endringane i tiløva la Venstre, Høgre, Arbeidarpartiet, Kristleg Folkeparti og Framstegspartiet fram eit felles framlegg:

1. Eid kommune går inn med inntil kr 3.2 mill i aksjekapital i SeaWalk Nordfjordeid AS (SUS). Midlane vert finansiert frå kommunen sitt ubunde investeringsfond, konto 2.5340.001

2. Det er ein føresetnad for punkt 1 i vedtaket at det ligg føre ein samla, forpliktande finansieringsplan for å realisere prosjektet.

3. Kommunestyret ber Rådmannen greie ut ei mulig utmelding av Nordfjord Hamn IKS med sikte på å organisere hamneverksemda i eigen regi eller i samarbeid med andre kommuner i midtre/indre Nordfjord, jmf vedtak om ei slik utgreiing i samband med vedtak av årsbudsjettet for 2016 (K-sak 181/15, vedtakspunkt 10 bokstav H)"

4. Kommunestyret er kjend med at Nordfjord Hamn IKS vil ta stilling til eventuell deltaking i SeaWalk Nordfjordeid i august 2016. Eid kommune er opne for at Nordfjord Hamn IKS kan gå inn på eigarsida i SeaWalk Nordfjordeid etter at dei har avklart saka i august. Dersom Nordfjord Hamn går inn på eigarsida skal Eid kommune sin eigarandel reduserast til 2,7 mill

Dette framlegget vart vedteke med 23 mot 6 stemmer.

– Er det naudsynt å rasle med sabelen? Eg ville ikkje gjort det. Vi er tydelege på at vi er misnøgde med Nordfjord Havn, men eg har ikkje lyst til å vise det i form av eit vedtak. Det kan vere lurt å la dei få høve til å bli med på dette prosjektet i august, sa Lars Svein Drabløs (Frp)

Medan andre peika på at ein får lite ut av samarbeidet.

– Nordfjord Havn har vore her og orienter om aktiviteten sin i Eid kommune og det er trasige greier. Det er ei kjennsgjerning at Nordfjord Havn sitt engasjement i Eid har vore minimalt, og når vi no står føre ei investering er interessa svært lita, så vi må vurdere om det løner seg å vere med, sa Tore Hjelle (H).