Om lag 45 personar deltok då geolog Kjetil Indrevær vitja Vågsøy Historielag for å fortelje om lokal geologi.

Mange fleire enn det historielaget hadde forventa møtte opp for å lære om lokale geologiske fenomen frå Kjetil Indrevær.

– Geologi og geologisk historie kan vere eit fag som ofte vert abstrakt og fullt av faguttrykk, men Indrevær er ein god formidlar og ordla seg på ein måte som vekte folk, og haldt på interessa, seier Atle Råsberg, leiar i historielaget.

Han er godt nøgd med både oppmøte på foredraget og engasjementet rundt emnet.

– Tilhøyrarane var veldig interesserte og stilte mange spørsmål. I løpet av kvelden fekk ein eit godt inntrykk av korleis jordoverflata og området her i Vågsøy har forandra seg opp gjennom den geologiske historia, fortel Råsberg.

Indrevær gjekk fleire millionar år tilbake i tid, og fortalde blant anna om ulike bergartar ein finn i området, som har lege djupt i jorda og berre i seinare tid har kome til overflata. Geologikvelden var eitt av dei rundt fem opne arrangementa Vågsøy Historielag organiserer i året.

– Det blei ein flott og lærerik sommarkveld, seier Råsberg.