NVE gir løyve til Elde, Sigdestad og Stårheim kraftverk, og meiner desse oppfyller naudsynte vilkår.

Norges vassdrags- og energidirektorat har no fatta vedtak til søknadane om løyve til å bygge fire småkraftverk i Eid og Bremanger kommune.

Derimot avslår dei søknaden om Kloveelva kraftverk, og viser til at konsesjon berre kan givast om fordelane ved tiltaket overstig skadar og ulemper for allmenne og private interesser som blir berørt i vassdraget eller nedbørsfeltet. Dei meiner dette ikkje er oppfylt for Kloveelva kraftverk.