Berre små delar av bygda Davik er tidlegare regulert gjennom detaljplanar. No får dei ny kommunedelplan.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) er nøgde med framlegget til ny kommunedelplanen for Davik, og at det er fastsett ei byggegrense på minst 30 meter mot fleire mindre elvar og bekkar.

Nokre stadar er det også avsett omsynssoner for område med kjende flaumproblem. I dei fleste tilfelle vil dette vere tilstrekkeleg for å sikre flaum- og erosjonsikker utbygging, uttalar NVE.

Dei er også nøgde med at aktsemdområde for skredfare er nytta til å avgrense omsynssoner.

Fiskeridirektoratet påpeikar på si side at den nye kommuneplanen for Davik ikkje kjem i konflikt med kjende fiskeri- og havbruksinteresser i området.