Handverk og gåver frå fleire land, samt eigen design og produksjon er noko av det Pamela Dunbar vil by på når ho har sommarope ved atelieret.

Den irske kunstnaren etablerte Holmen Atelier våren 2003 og driv gåvebutikk, i tillegg til kurs i fiberteknikk og maskinstrikk. Frå 1. juli har ho sommarope ved atelieret sitt.

– Her er det samla ein kolleksjon av handverk og gåver frå Irland, Storbritannia og Scandinavia, i tillegg til sal av plagg og tilbehøyr i eigen design og produksjon, fortel Dunbar, som har studert kunst ved universitetet Ulster i Belfast og kreativ maskinstrikk ved Høgskulen i Telemark.

Ho har også strikkemaskiner, utstyr og kan tilby undervisning. Kunstnaren fortel at både atelieret og verkstaden vil vere ope kvar dag i sommarsesongen, og Dunbar ønskjer alle velkomne innom.

Og skulle ein ønskje å oppleve meir av Ytre Bremanger når ein først er innom atelieret, ønskjer Dunbar gjerne å hjelpe til.

– Vi tilbyr utleige av syklar om du ønskjer å utforske vakre Ytre Bremanger. Vi kan tipse om mange flotte turar, smiler ho.