Daniel Gangeskar, som er direktevalt landsstyremedlem i Unge Venstre og kommunestyremedlem i Vågsøy kommune, har skrevet dette innlegget:

Forbod mot surrogati - ein politisk kjepphest

Noreg skal på mange felt vere eit føregangsland. Vi skal vere eit land som legg grunnlaget for framtidige generasjonar og som er med på å etablere framtidas løysningar. Eit land som set enkeltmennesket føre systemet. I enkelte høver vil eg påstå at desse påstandane stemmer, men i andre saker rir vi politiske kjepphestar betre enn kuskar på Bjerkebana.

Eit vedvarande forbod mot surrogati er ein av desse politiske kjepphestane som altfor mange politikarar i Noreg ikkje ynskjer å ta opp til debatt.

Det er viktig at Noreg som nasjon og ikkje minst norske politikarar anerkjenner at der finst par som har prøvd i årevis å få born utan å lukkast, at der finst individ som lev i homoseksuelle forhold eller at nokre rett og slett ikkje klare å finne «den rette», men som framleis vil oppfylle draumen om å få born.

Stadig fleire vel å reise til utlandet for å kunne oppfylle ynskje om å få born og verte foreldre. Surrogati er kanskje det mest kontroversielle valet når det gjeld assistert befruktning, men ei relativt markant auke i antall nordmenn som vel nettopp denne løysninga er verdt å merke seg.

Dersom eit par ynskjer å verte foreldre, skal ikkje det verte bestemt av staten korleis det skal føregå. Mange drøymer nok om å kunne føde sitt eige born, men for fleire er diverre ikkje det eit reelt alternativ. Då treng vi politikarar som tek desse menneska på alvor og som legg til rette slik at dei kan få starte sine eigne familiar på sine eigne premiss, draumar og ynskjer.

Adopsjon verte av mange trekt fram som løysninga i staden for surrogati. For mange kan nok adopsjon vere det korrekte valet. Hjelpe born som har hatt det tøft, som har hatt eit vanskelig liv og som har eit sterkt ynskje om å kunne få leve eit normalt liv under normale høver. Eg beundrar par som vel å adoptere og som vel å hjelpe born ut av vanskelige kår, men eg innser også at det ikkje er ei løysning for alle.

For mange kan adopsjon vere avskrekkande eller det kan rett og slett ikkje følast som den rette løysninga. Surrogati kan sikre, i motsetnad til adopsjon, at den genetiske tilknytinga til ein eller begge foreldra er til stades, eit element som er viktig for mange.

Ei sterk innvending fleire norske politikarar presentera i debatten om surrogati og assistert befruktning generelt, er utydeliggjeringa av morsbegrepet. Men det er viktig å hugse og forstå at morsbegrepet ikkje er skapt på bakgrunn av genetikk eller slektstre, men heller på omsorg, kjærleik og trygge, gode oppvekstvilkår. Ei mor er eit menneske som er til stades i oppveksten, som elskar deg og lærer deg forskjellen på rett og gale. Ei mor er ikkje berre personen som fødde deg, men personen som gjorde at du vart den du er.

Noreg må bevege seg i nyare retningar. Vi må sette folk i fremste rekkje. Norske politikarar må tore å løfte debatten om surrogati og assistert befruktning generelt opp i det offentlege rom nok ein gong, og ikkje minst må vi lytte til dei det gjeld i saka.

Som politikarar har vi som oppgåve å høyre folket, hjelpe folket og tene folket. Vi har som oppgåve å gjere folkets liv betre og enklare.

Nokre politiske kjepphestar fortenar å ri ned i solnedgangen og ut av denne verda. Forbodet mot surrogati er ein av dei.