Det som tidlegare har vore ei særs travel helg for butikkane på Nordfjordeid, har i år utvikla seg til ei heil «Malakoffveke».

– Ein snakkar ikkje lengre om Malakoffhelga, no er det Malakoffveka som gjeld, fortel Linda Espelund, butikksjef for Coop Mega på Nordfjoreid.

Gunn Sørgulen ved Narvesen, Inger-Dorthe Sunde ved Cubus og Mie Jensen og Laura Guldhammer ved Bryggen Hotell er einige, og seier dei hadde uvanleg mykje å gjere allereie tidleg denne veka.

– Dei førre åra har ein begynt å merke trykket på torsdagen. I år begynte det å ta seg opp på mandag, før det eskalerte tirsdag, fortel dei.

Hektisk synonymt med gøy

Dei fem damene trur grunnane til at festival-publikummet kjem tidlegare og tidlegare er mange, men først og fremst ser ein at fleire og fleire legg ferien til Eid i vekene rundt Malakoff.

– Det er kjempebra for næringslivet, samstundes som det er veldig moro. Det skapar ekstra god stemning, og for oss er kjempehektisk det same som kjempegøy, ler dei, og legg til:

– No er det berre å halde hjula i gang. Vi har etterkvart fått ein del erfaring med korleis vi skal handtere festivalfesten, og vi har ekstra folk, og dei mest erfarne på jobb heile helga.

Regn er ikkje berre dumt

Sjølv om alle er einige i at festival-opplevinga vert klart best om sola skin, er det ikkje berre negativt med nedbør.

– Litt regn er berre bra for oss. Då trekk folk inn i butikkane, og salet går betre enn når alle er ute i sola, seier Sunde. Jensen er einig i at nokre små byger ikkje gjer så mykje.

Dei fem damene legg til at det sjeldan er mykje tull og bråk i samband med Malakoff.

– Festival-publikummet har vist seg frå si beste side kvart år til no, med strålande kø-kultur og mykje flott ungdom. No gler vi oss til å få helga skikkeleg i gong og vere med på enda ein suksess-festival ein kan hugse i lang tid, smiler dei.

Del dine festivalbilder med oss! Merk bildene med #fjtsommar på Instagram eller send dem til fjt@fjt.no