Malakoff Rockfestival var i sommar ein av seks norske festivalar der rusbruken hos festivalpublikummet vart kartlagt.

Fredag var forskarar frå Folkehelseinstituttet på plass utanfor festivalområdet, der festivaldeltakarane svarte på spørsmål og tok spyttetest og promilletest.

- Gjennom spyttprøvene får vi vite kva rusmidlar dei har brukt gjennom dei siste 48 timane, fortel prosjektleiar Linn Gjersing.

200 av festivalpublikummet deltok frivillig på undersøkinga på Malakoff.

- Og alt er anonymt. Ingen namn vert brukt. Vi spør for eksempel kva type rusmiddel dei brukar, om dei har brukt noko siste året, siste tredve døgn eller siste 24 timar. Og så har vi ei spyttprøve, seier Gjersing.

Forskarar frå Folkehelseinstituttet kom til Malakoff rockfestival for å undersøke publikum sine rusvanar. T.v. prosjektleiar Linn Gjersing.

Ei slik kartlegging har aldri vore gjort før på festivalar i Norge, og prosjektleiar er spent på resultatet.

- Vi veit ikkje kva dei bruker og kor ofte, og kva kombinasjonar dei brukar. Til no har vi ikkje hatt tal som beskriv rusbruk hos norske festivalgjestar, seier ho. Resultata frå undersøkinga er venta våren 2017.

Fleire er tatt med narkotika på norske festivalar i sommar, og politiet har frykta mørketall. Også under Malakoff rockfestival i helga vart fleire meld for narkotikabruk.