Politiet vil vurdere kva som skal skje med førarkortet til bilisten som følgde etter ein ambulanse under utrykking.

– Ein politijurist skal sjå på saka seinare i dag, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest politidistrikt Sogn og Fjordane.

Det var på riksveg 15 mellom Eid og Måløy at mannen i 30-åra har følgt etter ambulansen.

– Vi veit ikkje kor fort bilisten køyrte, men ambulansen var på utrykking og vi veit at mannen braut fartsgrensa ved å følge etter ambulansen, fortel Holme.