Måndag fekk Knutholmen storfint besøk av ni kokkar frå Asia. Og trass i sjøsjuke var dei overvelda av Kalvåg, ifølgje Svein Inge Fosse.

– Då dei kom måndag laga vi fireretters til dei. Dei blei sjølvsagt sjømat, og til lunsj fekk dei hyse. Dei er heilt overvelda av å vere her, fortel Svein Inge Fosse som er dagleg leiar for Knutholmen i Kalvåg.

På Norges-reise

Kokkane frå Singapore er med sjømatimportøren Frank Nesheim på Norges-reise. Han bur sjølv i Singapore og kjøper mellom anna fisk frå Domstein, og har tatt med seg kundar for å vise fram produksjonsanlegga.

Rolf Domstein og Jon Erik Steenslid (Norges sjømatråd sitt kontor i Singapore) frå Måløy var også med til Kalvåg. Dei fortel at det var kokkebesøket som stod for middagen på tysdag.

– Då blei det norske råvarer laga på asiatisk vis. Det var veldig spennande og kjempegodt, seier Rolf Domstein.

Han fortel at Asia-besøket både fekk dra krabbeteine og fiske.

– Dei vart litt sjøsjuke, men alle vare akkurat like blide, seier han.

Imponerte gjestane

I Kalvåg fekk besøket frå Singapore også vere med å sjå på Pelagia-anlegget på Brødrene Larsen.

– Sidan det er ferie var det ikkje så mykje aktivitet, men dei var veldig imponert over størrelsen på maskinene, fortel Domstein.

Etter Kalvåg var dei også innom Måløy og Raudeberg, kor dei besøkte Snorre Seafood og var med på fiskelossing på M/S Frøyanes.

Prominente kokkar

Nesheim fortel at besøket er prominente kokkar.

– Ein er president i kjøkkenforeininga, medan ein annan har vore kjøkkensjef for Singapore Airlines. Og så har vi tidlegare kokkar frå landslaget, og kjøkkensjefar for luksushotell, påpeiker Nesheim.

Han legg til at besøket frå Singapore er på ein større tur, og det heile starta på Gladmat-festivalen i Stavanger. Vidare går ferda til Fosnavåg, Stranda, Geiranger og Ålesund, før siste stoppestad er Oslo.