Helga byr på overskya vêr, regnbyer og delvis sol for heile ytre Nordfjord.

Denne helga melder meteorologane om temperaturar på rundt 15 grader i heile ytre Nordfjord.

I Måløy er det meld opplett og glimt av sol heile helga. Selje får regnbyer med jamne mellomrom, og det same gjeld for Kalvåg og Vanylven. Nordfjordeid får størst nedbørsmengde, og i tillegg er det meldt om lyn og tore fredag og søndag ettermiddag.

Det er samtidig venta rolege vindforhold.

Hugs å dele blinkskota dine med oss! Dersom du brukar emneknagg #fjtsommar på Instagram er du med i vår sommarkonkurranse. Du kan òg sende inn bileta til fjt@fjt.no.