Torsdag 1. september held Vanylven Utvikling AS konferanse om moglegheitene som ligg på vestlandskysten.

– Vi bur på ein gunstig stad når det gjeld å nytte ressursane i havet. Då er det viktig at vi lærer meir om kva moglegheiter som finst, seier Tor Inge Nygård i Vanylven Utvikling AS til Synste Møre.

Til konferansen er det gått ut invitasjonar til kommunestyrerepresentantar frå Vågsøy i sør til Hareid i nord, i tillegg til næringslivsaktørar knytt til utnytting av hav og sjø i same regionen. Totalt er kring 350 invitasjonar sende ut, skriv avisa.

På programmet står postar som tareoppdrett, bølgekraft, berekraftig foredling av laks og mat frå havet.

– Vanylven Utvikling har fått med fleire innleiarar med tilknyting til det marine forskingsmiljøet på Sunnmøre og har lagt opp til eit rikhaldig program der det også vert tid til ei matøkt med vekt på ingrediensar frå fjøra/havet. Her vert det mogleg og smake på tang og tare med meir, skriv arrangørane.