Opplæringskontoret for fiskeri- og havbruksfag (OKFH) har den siste veka arrangert jenteleir på kysten. Dei håper å rekruttere fleire jenter inn i fiskeri- og havbruksnæringa.

Miriam Aase frå Måløy, Iselin Husevåg frå Husevåg og Andrea Johnsen Sollid frå Kjølsdalen er tre av 10. klassingane som har delteke på leiren i regi av OKFH. Dei kan sjå føre seg ei framtid i næringa.

– Eg veit at eg vil utdanne meg innan fiskeri, men no har eg fått sett at det finst fleire moglegheiter enn berre å bli fiskar, legg Husevåg til.

Jentene har hatt ei positiv oppleving, og ser ikkje mørkt på å eventuelt bli ein del av ei mannsdominert næring.

– Alle bedriftene har sagt at dei vil ha, og trenge, jente, seier ein samstemt trio.

– Vi har arrangert denne leiren sidan 2003. Då etablerte vi ein jenteleir for å auke rekrutteringa. Dei siste åra har vi merka ei stor auke i talet søkarar til leiren, og i år var det 19 søkjarar til 12 plassar, fortel Bjørn Kvalheim i OKFH, som har vore leiar for leiren.

Han peiker på at næringa har blitt flinkare til å marknadsføre alle moglegheitene som finst for dei som vel ei framtid innanfor kystnæringane.

OKFH skal også arrange ein guteleir i veke 40, og Kvalheim meiner det er grunn til å sjå lyst på framtida til kystnæringane.

– Søkjartala til naturbruk blå line, er aukande over heile landet. Ved MVS var der 19 primærsøkarar til 12 plassar på naturbruk i år, så det går rette vegen for ei næring som trenge mange flinke hender og kloke hovud i åra framover. Verdiskapinga skal femdoblast fram mot 2050, seier Kvalheim.