Nordfjord og Lærdal sjukehus er mellom dei ti sjukehusa som får høgast skår i ein rapport om pasienterfaringar ved norske sjukehus. Det melder Helse Førde i ei pressemelding.

Det er Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenester som kvar haust gjennomfører ei nasjonal brukarundersøking mellom vaksne døgnpasientar ved norske sjukehus. I undersøkinga blir pasientane bedne om å svare på 53 spørsmål om korleis dei opplevde sjukehusopphaldet.

Undersøkinga gjev ein indikasjon på kor nøgde pasientane er, men seier mindre om kvaliteten ved sjukehuset.

Resultata frå granskinga hausten 2015 viser at Helse Førde ligg om lag på same nivå som før. Lokalsjukehusa i Lærdal og Eid er også denne gongen inne mellom dei sjukehusa som skårar høgast. Felles for sjukehus a på topp ti-lista er at dei er mindre institusjonar, og gjerne spesialiserte. Førde sentralsjukehus ligg om lag på gjennomsnittet.

For Helse Førde viser resultatet at føretaket skårar betre enn landssnittet på indikatorane pårørande, organisering og samhandling, men noko dårlegare på informasjon, utskriving og ventetid.

Undersøkinga har vore gjort ei rekkje år, og samla sett er norske pasientar no meir nøgde med sjukehusa enn tidlegare.

Les heile rapporten her.