Gunn Sande i Selje Senterparti har skrive dette innlegget:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Anne Karin Hamre har i dag vore ute og teikna sitt kart for Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen har i sitt kart bestemt seg for å slå saman Selje og Vågsøy, dette trass i at kommunestyret i Selje har vore heilt klare på og i vedtaks form sagt at Selje og Vågsøy åleine er for lite og dermed ikkje er ei aktuell samanslåing – til Vågsøy-rådmannen si store fornøying.

Det viser seg då at Fylkesmannen har bestemt seg for å anbefale å bruke tvang trass i ei folkerøysting og eit klart demokratisk vedtak i eit organ som er det høgste i ein kommune. I mine auge er dette direkte forakt for det som for meg er grunnleggjande i samfunnet – nemleg demokrati.

Ser ein på grunngjevinga frå Fylkesmannen er mi klare meining at her snakkar Fylkesmannen med kløyvd tunge.  Å grunngje samanslåing av Selje og Vågsøy med blant anna at Selje er ein så næringssvak kommune at ein ikkje kan stå åleine er sanneleg berre tull. Viser til store bedrifter i Selje kommune som blant anna Ervikgruppa, Paneda og Stadpipe og mange, mange fleire.

Eg vil òg påpeike at Selje kommune har brukt både mykje pengar (innkjøpt kompetanse ) og eigne ressursar på å lage ein omfattande arealplan. Denne har vore ute på høyring og når nettopp Fylkesmannen leverer inn ei «blekke» på 20 sider med motsegn på motsegn mot arealplanen, så seier det sitt.

Her prøver lokale politikarar i samråd med administrasjonen og innleigd kompetanse å få til ein god plan som ser framover og som skal ivareta nettopp behovet for areal til næringsutvikling og ikkje minst bruk av både steinmassane frå Stad Skipstunnel og nyttegjering av strandsona .

Selje kommune har eit stort potensial i forhold til vidareutvikling av blant anna turisme og annan småskala næring  – politikarane i Selje har sett dette og vist i arealplanen at dei er villige til å la folk få mogeleghet ved å tilrettelegge for at dei skal få utnytte dei ressursane som finnast i kommunen.

Det hjelper lite når Fylkesmannen legg inn motsegn på motsegn på planane som folket i Selje har spelt inn - og på toppen av det heile nyttar det som grunnlag for å føreslå tvangssammanslåing.

– då er Fylkesmannen faktisk ein sterk pådrivar i at det kokar over for skarve kommunepolitikarar.

Det er òg forunderleg at andre tettliggande ja-kommunar ikkje er føreslegne samanslått – men at ein går inn for at nei-kommunar skal tvingast i staden.

Det synest meg heilt uforståeleg , og mitt råd til Fylkesmannen vil hermed vere at dette kartet må teiknast opp att med respekt for demokratiet .