Den nye ballbingen ved Davik skule er no fullført, og kulturavdelinga i fylkeskommunen har difor tilvist 62.000 kroner i spelemidlar til det nye nærmiljøanlegget.

Ballbingen fekk ein sluttkostnad på 128.581 kroner, og Bremanger kommune har stadfesta at anlegget er fullført i samsvar med gjeldande planar og at rekneskapen er godkjent.