Det er mogleg å få dekka ein stor del av kostnaden ved rehabilitering av ballbinge gjennom spelemiddelordningar.

Det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

- Vi er no i siste året der ein og kan få 10.000 kroner i støtte frå Sparebankstiftinga til utskifting av kunstgras i bingen, heiter det i meldinga.

I Farsund i Førde vurderer grannelaget å rehabilitere ballbingeanlegget, med nytt  kunstgras, nye nett i basketkorger og fotballmål og utskifting av øydelagde plankar.

- Totalkostnaden på ei slik rehabilitering vil bli på om lag 120.000 kroner, og 50 prosent av kostnadene vert dekka av spelemidlar. Dugnadsarbeidet er stipulert til om lag 15-25.00 kroner, og dette viser at det er gode høve til å kunne få eit tilnærma nytt anlegg for ein låg kostnad.

Sparebankstiftinga yter og eit tilskot på 10.000 kroner til kvar binge som skiftar kunstgraset, under føresetnad om godkjend spelemiddelsøknad.

2017 vil vere siste tilskotsåret for denne ordninga, så no er altså riktig tidspunkt for å sende inn søknad.