Bremanger kommune seier klart ifrå til politimyndigheitene: Å legge ned Bremanger lensmannskontor ser dei på som eit vesentleg dårlegare tilbod for innbyggjarane i kommunen.

– For Bremanger er det sentrale tilgjengeleg og synleg politi, kort responstid, god beredskap, god førebygging og polititilsette som arbeider og bur i folk sitt nærmiljø, skriv dei i høyringsuttalen til politimeister Kaare Songstad.

– Blir dette realitet, får vi eit dårlegare tilbod. Det vil vere eit tilbakesteg, sa Magne Kjerpeseth (Sp) i formannskapsmøtet onsdag.

– Eg kan ikkje tru at det skal bli billigare heller, sa Stig Bakke (KrF).

Bremanger hadde sett ned ei gruppe beståande av ordførar Audun Åge Røys (H), kommunestyremedlem Åge Senneset (V) og lensmann Espen Gulliksen til å forfatte uttalen.

Fristen for å sende inn høyringsuttale om nærpolitireforma gjekk ut 1 desember.