Hotellet skyldar skattepengar og kravet kom berre fire dagar før brannen.

Måndag 21. november tok Skatt Vest utleggsforretning i selskapet AS Selje Hotel. Kravet er på 284.886 kroner.

Skjermdump av grunnboksinformasjonen til AS Selje Hotel.

– På grunn av teieplikt kan vi ikkje kommentere enkeltsaker, men på generelt grunnlag er det slik at når skatt- og avgift ikkje blir betalt, kan vi krevje det inn med tvang. Då er første trinn i tvangsinnkrevjinga ei utleggsforretning, skriv seksjonssjef Frode Steindal i Skatt Vest i ein e-post til Bergens Tidende.

Avisa skriv at utleggesforettning er eit ufrivillig pant, og i dette tilfellet fungerer hotellet sin tomte- eller eigedomsverdi som sikkerheit for Skatt Vest sitt krav.

Selje Hotel er eigd av Yavuz Akckay (50 prosent) og Emel Akcay (50 prosent) som kjøpte hotellet i starten av 2014.

AS Selje Hotel har hatt negative resultat før skatt dei siste seks åra. I fjor bokførte selskapet eit negativt resultat før skatt på 2,5 millionar kroner. Omsetnaden var 9,5 millioner.