Knust marmor og eit 4.050 m langt røyr på havbotnen er med og sikrar reint drikkevatn til innbyggjarane på Raudeberg og industrien på Trollebø.

Marmoren kjem i store sekkar og skal ligge i fem marmorfilter inne i den nye bygningen Veidekke er i ferd med å fullføre på Raudeberg Vassverk.

I botnen av kara der drikkevatnet kjem inn frå det 750.000 kubikkmeter store Svartebotnvatnet, sørgjer dyser for at marmoren sirkulerer i vatnet og tek til seg det som måtte vere av skit. Om lag 100 tonn marmor må skiftast ut årleg. Eit UV-filter tek knekken på det som måtte vere att av bakteriar og parasittar.

Marmorfilter: I desse fem kara skal dyser i botnen sørgje for at knust marmor sirkulere i vatnet og fangar opp skit. Anleggsleiar Arild Førde til høgre.

Løysinga som er valt for det oppgraderte og topp moderne vassverket er kalla Moldeprosessen, ein metode utvikla av verksemda Asplan Viak. Det er Trondheim-firmaet STH Engineering som leverer og monterer utstyret til reinseanlegget.

Ifølgje Ingvald Tennebø i drift og anleggsavdelinga i Vågsøy kommune og anleggsleiar Arild Førde i Veidekke er prosjektet i rute til januar.

– Det bygningsmessige arbeidet skal vere ferdig til jul. Ein er allereie i gang med å køyre testar på systemet, seier Førde.

– Det vil vere fullstendig innkøyrd og oppe og gå i februar. Då vil innbyggjarane på Raudeberg og næringsmiddelindustrien på Trollebø oppleve stor betring i kvaliteten på drikkevatnet, lovar Tennebø.

– Raudeberg har hatt vatn med ganske høgt fargetal. No blir det mykje betre kvalitet på vatnet, seier han.

Leidningen er ifølgje Tennebø 4.050 meter lang og 355 millimeter i diameter. Då vi var på staden, var Seløy Undervannsservice i ferd med å legge lodd på røyrleidningen slik at han skal ligge i ro på botnen 70 meter under overflata.

– Det er ein komplisert jobb, sidan det ligg både kraftleidningar, fiberkablar og anna på havbotnen allereie. Det er viktig å ikkje øydeleggje dette.

Avansert: Legginga av sjøleidningen som skal frakte vatn på havbotn over til fastlandet er ein avansert operasjon, ikkje minst sidan det ligg mange andre røyr og leidningar på havbotnen.

Vatnet er overflatevatn, altså regnvatn. Saman med røyrsystemet på havbotnen gjer det at ein må ta i bruk avansert teknologi for å sikre topp kvalitet. Anlegget har ei total kostnadsramme på 55 millionar kroner.

– Vi har tilsvarande anlegg på Skramsvatnet. Innbyggjarane i Måløy vil framleis ha vatn derifrå, men sidan alt er kopla saman kan vi sende vatnet dit vi ynskjer. Anlegget på Raudeberg har kapasitet nok til å gje vatn til heile området, seier Ingvald Tennebø.

Bakgrunnen for storsatsinga på reint drikkevatn er at det tidlegare private Raudeberg Vassverk fekk krav frå Mattilsynet om fargefjerning av vatnet.

Kostnaden med oppgradering ville vere om lag 12 millionar kroner. Dette hadde dei ikkje midlar til, og bad kommunen ta over, noko som vart gjort i 2014. Det nye bygget er eit påbygg til eksisterande bygningsmasse.

Ei kuriøs sak med det nye vassverket er at det er montert ein turbin på toppen av bygget. Turbinen produserer straum av vatnet som kjem inn gjennom røyrleidningen ned frå Svartebotnvatnet, og trykk som oppstår i systemet.

– Vi produserer 100 kilowatt i eigen regi, noko som er eit godt tilskot i drifta, seier Tennebø.