Kolset Krins Utviklingslag reagerer på at brannstasjonen i Rugsund kan bli omgjort til berre eit depot.

– Bygdene i Kolset krins har dei seinare år måtte klare seg med eit minimum av brannberedskap, og no ser det ut til at siste rest av ein beredskap er på veg til å bli lagt ned. Ein dårleg utstyrt og utrangert ambulansebil, og eit fåtal mannskap er det ein no vil bytte ut med berre eit depot og opplæring av frivillige. Dette er heilt feilslått. Beredskap på berre frivillig basis utan forpliktingar gir ingen beredskap å stole på, skriv leiar Kjell Leirgulen i brev til kommunestyret.

– Krinsen har no utarbeidd eigen lokal beredskapsplan då vi ser at vi i enkelte situasjonar berre kan stole på oss sjølv og det vi sjølv kan utrette, skriv utviklingslaget, som fryktar brann i tunnel og dårleg utstyr.

Kommunestyret i Bremanger skal ta stilling til kommunen si nye brannordning, der dette er ein del av sakskomplekset, torsdag 15. desember.