Ho har kome med innspel til planarbeidet for Via Ferrata Hornelen. Haukedal karakteriserer seg sjølv om utflytta, men sterkt knytt til heimplassen.

– Dei gamle murane etter gardsfjøsane til gardane på Hunskår er spennande å oppleve. Denne klynga er annleis enn dei andre gardsfjøsane i Skatestraumen. Mitt håp er at de kan finne midlar til å ta vare på dei og presentere det for publikum. Det er ein fin moglegheit til å fortelje ei ikkje altfor gamal historie om arbeids- og gardsdrift i dette området, meiner ho.

Ho meiner at parkeringsplass, drifts- og sanitæranlegg bør bli trekt litt vekk frå området, og at det blir rydda til biloppstillingsplassar til gravferder og besøk på gravplassen.

Ho ønskjer også at anlegget ikkje blir til hinder for fri ferdsel i området, og blir forma ut i arkitektur som går inn i natur- og kulturlandskapet.