– Eg kunne tenke meg å få til ei stipendordning i samarbeid med Måløy vidaregåande, for elevar som ynskjer å satse innan vår bransje, seier Søraa.

LES MEIR: Sjå bildeserie frå Framflyt (+)

Han fortel at dette er noko han lenge har hatt lyst til å diskutere med skulen, og trur ordninga i seg sjølv kan gjere Måløy vidaregåande skule til ein attraktiv skule å gå på.

Bente Olseth, lærar i marknadsføring og økonomi, er veldig positiv til tanken.

– Dette er ein kjempespennande tanke, og eg er heilt einig i at det kan gjere skulen attraktiv, seier Olseth.

Søraa foreslo frå scena at ein kunne blitt samde om kriteria, og deretter sette i gong ein søkarprosess med intervju for elevane som er interessert.