– Brannvesene er på veg til ein grasbrann ved Kråkenes fyr. Det skal ikkje vere av stort omfang. Dei reiser ut for å få kontroll på brannen, opplyste alarmsentralen til fjt.no litt over klokka 12.

Klokka 13.15 melder alarmsentralen om at brannen er sløkt.

– Det brann på eit mindre området, og mannskapet fekk raskt sløkt brannen. No har dei dynka området rundt med vatn for å hindre at brannen skal blusse opp att, fortel vakthavande på alarmsentralen.

Alarmsentralen opplyser at meldingane dei har fått går ut på at det tidlegare har blitt brent noko der ute, og at brannen har blussa opp att.

– Vi vil oppmode folk om å halde dei bålforboda som er gitt. Sjølv der det ikkje er forbod ber vi folk vere forsiktige. Det er svært tørt ute no.

Brannvesenet fekk melding om grasbrannen ved Kråkenes fyr om lag klokka 12.