– Det er veldig kjekt å jobbe på ambassaden. Dei tok meg godt imot og gav meg oppgåver og ansvar frå fyrste dag, seier 24-åringen som nyleg avslutta eit halvt års utvekslingssemester i Buenos Aires i Argentina.

Sondre starta jobben som ambassadepraktikant i januar.

Etter ein nær fem månader lang backpackertur til Sør-Amerika i 2014, var det ikkje vanskeleg for Sondre å velje land då han fekk sjansen til å reise på studieutveksling.

– Buenos Aires var den byen eg helst kunne tenke meg å bu i sjølv, så då eg såg at UiO hadde avtalar med universitetet i byen, så var valet enkelt. Eg ville studere på spansk og bu i ein større by enn Oslo, seier Nave.

Etter ei reise gjennom Latin-Amerika for tre år sidan, kunne han allereie litt av språket.

– Det spanske vokabularet er veldig stort, så eg må framleis søke opp mange ord, i tillegg brukar dei ein del slang som tek tid å lære. Læringskurva var bratt, med det gjekk overraskande bra å studere på spansk.

Etter utvekslinga frå bachelorstudiane i samfunnsgeografi i Oslo, har no 24-åringen vendt tilbake til byen for ein praktikantjobb på ambassaden. Den politiske utviklinga i Argentina, samt korrupsjonsproblem, er av spesiell interesse for Sondre.

– Eg er medlem av politisk utval for gjeld og kapitalflukt i Changemaker, og der jobbar vi blant anna med internasjonale gjeldsproblem og skattespørsmål, som er aktuelle problemstillingar her. I tillegg til korrupsjon, sjølvsagt, seier han.

I Argentina har han også fordjupa seg i temaet som frivillig i den argentinske avdelinga av den anerkjende antikorrupsjonsorganisasjonen Transparency International.

Han håpar å få jobbe med liknande spørsmål som praktikant. På ambassaden har han fram til no jobba med publikumskontakt, oppdatert seg på nyhende og skrive rapportar og notat.

– Eg har allereie lært mykje og det er veldig kjekt å sjå korleis det faktisk fungerer på ein ambassade. Det er ein liten ambassade, så det er kort veg til alle som jobbar der og alle funksjonane ein ambassade har. I tillegg er alle veldig opne og svarar grundig på alle spørsmål eg har.

Likar seg i millionbyen

Sondre trekk fram parkar, fin arkitektur, barar, kafear, hyggelege gater å rusle rundt i og kjekke folk som gode ting med å bu i Buenos Aires.

– Argentina er eit veldig vakker land med veldig store forskjellar i landskap, klima og folk. I sør har dei isbrear og fjell, og i nord har dei Andesfjella med kaktusar og lama. Forskjellen på by og land er nok større enn i Norge, fortel han.

Saman med andre internasjonale studentar og argentinarar har han studert fag som samfunnsfag, historie og spansk. Politikk merkar han at argentinarane diskuterer på ein litt annan måte enn han er van med.

– På universitetet blei eg kjend med mange andre som studerer samfunnsfag, og deira erfaringar med politikarar er ganske annleis enn vi er van med frå Norge, så det pregar debatten. Mellom 1930 og 1976 var det seks statskupp i landet, i tillegg har økonomien vore veldig ustabil i lang tid. På toppen av dette er det mykje korrupsjon som svekker tilliten til politikarane og heile systemet, forklarer han.

Ser klare skilnader

Han ser klare skilnader mellom Norge og Argentina.

– Den aller største skilnaden er nok at vi lever i eit stabilt og trygt samfunn der vi stolar på at ting blir gjort ordentleg, og viss ikkje, så kan ein stille dei skuldige til ansvar.

Men han har likevel ikkje opplevd store kulturkrasj.

– Det er berre småting som at eg gløymer å helse med klem og kyss, men det berre ler vi av. Det er eit ganske stort prosjekt når ein skal helse på mange på ein gong, smiler han.