Bakgrunnen for denne skilnaden er «luftlineprinsippet». Eit prinsipp der ein for Sogneruta bereknar reiselengda ut ifrå kortaste veg i luftlinje i staden for utsegla distanse.

– Er dette ei rettferdig ordning?

– Eg held meg til at dette vart bestemt for om lag 20 år sidan, og at det var ein grunn til at det vart slik, seier fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal.

Ville ha fleire passasjerer

Ein innførte dette luftlineprinsippet på ekspressbåten fordi ein såg fallande passasjertal på rutene. Det vart også vist til at båtane på Sognefjorden hadde større konkurranse frå andre transportmiddel enn langs kysten. Fjord1 som var operatør på rutene foreslo ei prøveordning med lågare takstar. Sidan Sognefjorden ligg vinkelrett på kystlinja, vart resultatet at reisene innover Sognefjorden frå Bergen på det meste vart 30 prosent rimelegare på Sogneruta enn på Nordfjordruta der ein legg utsegla distanse til grunn.

Grepet i Sogn lukkast, og passasjertalet auka. Ordninga vart gjort permanent frå 1998 og har vore vidareført sidan.

Skal sjå på saka

Det er fylkeskommunen som er takstmynde for fylkeskommunale ruter, og fylkesdirektøren fortel at Hovudutvalet for samferdsle no har bede om ei sak der ein vurderer ordninga og om den skal halde fram.

– Og det skal vi gje dei, seier Lefdal.

Saka skal opp i løpet av året.

Fylkesdirektør for samferdsle, Dina Lefdal, seier ordningar har eksistert i 20 år. Arkiv

– Vi har nokre kontraktar med dei som driv båtane. Gjer vi noko med takstane har det ei kostnadsside, og det er dei som har inntektsansvaret.

I notatet frå fylkesdirektøren til hovudutvalet for samferdsle står det at «Alle endringar som kan få konsekvensar for inntektsgrunnlaget er kompliserte å gjennomføre innanfor ein avtaleperiode. Generelt er vi forsiktige med større endringar i takstar, då det er risiko for utilsikta endringar. I store rutesystem som ekspressbåtane er risikoen tilsvarande stor.».

Lefdal fortel at ho ikkje har opplevd store reaksjonar.

– Det vart stilt spørsmål til ordninga tidleg på 2000-talet, og det vart gitt ei orientering.

– Forskjellsbehandling

Sigurd Reksnes (Sp) meiner skilnaden på prisane frå Selje og Sogndal er oppsiktsvekkande stor.

Reksnes, som sit som medlem i hovudutvalet for samferdsle i Sogn og Fjordane, stilte saman med Helen Hjertaas (Ap) eit spørsmål om takstane for ekspressbåtane på eit møte i utvalet 22. november.

– Skilnaden i pris har blitt nemnt i fleire samanhengar. Både på møter eg har vore på i Måløy, men eg har også tatt båten sjølv og sett forskjellane, seier Reksnes.

Sigurd Reksnes (Sp) (t.v.) meiner billettprisinga på båtane er forskjellsbehandling. Arkiv

Under utvalsmøtet tysdag fekk medlemmane ei orientering om situasjonen.

– Eg trur mange fekk hake-slepp. Det kan ikkje vere slik at ein i dei områda der det er lite konkurranse skal ta maksimalt av det ein kan. Det blir forskjellsbehandling som vi ikkje kan drive med, seier han.

Reksnes fremma eit forslag der han bad om å få ei sak der ein legg til rette for harmonisering av billettprisane mellom dei to rutene. Dette vart samrøystes vedteke.

– Sjå for deg at to personar er på helgetur til Bergen. Om ein legg prisane frå fylkeskommunen til grunn kostar det 940 kroner meir tur-retur for dei to frå Selje kontra dei frå Sogndal. Det er mykje pengar. Slik kan det ikkje vere, seier Reksnes.