Redaktør Erling Wåge hadde denne leiaren på trykk i Fjordenes Tidende fredag:

I snart tre månader har politiet jobba med å finne årsaka til den tragiske brannen på Selje Hotel. Fleire titals etterforskarar har jakta på brannårsak og eventuelt gjerningspersonar. Det er mange som håpar politiet finn svaret på denne uverkelege hendinga som starta på svartaste natta 25. november i fjor. Var brannen eit sjokk så var det ikkje mindre sjokk at politiet retta mistanken for brannen mot dei tre brørne som eig hotellet. Dei tre vart kort tid etter brannen varetektsfengsla mistenkte for å ha sett fyr på hotellet og medverka til dette. Det er også mistanke om forsøk på forsikringsbedrageri.

Det har vore reist mange spørsmål i det opne rom etter brannen. Det har vore mange spekulasjonar og rykte kvifor det vart ein så omfattande brann i hotellet som var stengd og tomt for folk. Så langt har politiet halde korta tett til brystet. Dei har sagt lite om kva som er grunnlaget for mistanken om at hotellet er tent på, og at det er desse personane som kan ha gjort det eller medverka til det. Men politiet meiner det er mange punkt i etterforskinga som gjev grunnlag for mistanken.

Spørsmålet er kva som skjer med ruinane. Slik saka står, med eigarane varetektsfengsla og mistenkte for brannen, blir det stadig meir usikkert kva som vil skje. Blir det hotell i Selje igjen? Er det nokon som vil bruke pengar på å byggje det opp og drive det vidare? Mange har håp.