Stemninga for å gå i samtalar med Vågsøy og Flora om intensjonsavtale om kommunesamanslåing ble besvart med eit klart nei i formannskapet i Bremanger i dag.

Nabokommunane hadde bedt om ei tilbakemelding innan 17. februar, som er i dag, og saka var derfor på sakskartet til formannskapet som ei drøftingssak under fredagens møte.

Arbeidarpartiet stilte seg på partiet si linje, og gav klart uttrykk for at dette var heilt utaktuelt.

- Vi har hatt ein gjennomgang i partiet, og har eit klart vedtak på at vi ikkje vil gå i forhandlingar, sa Espen Sortevik.

Også Marius Strømmen (Sp) og Stig Bakke (KrF) meinte at lite hadde forandra seg for Bremanger sin del sidan nei-vedtaket i kommunestyret 11. februar i fjor.

- Vi står på vårt vedtak om at vi ikkje vil gå  forhandlingar, sa Marius Strømmen.

Kåre Jarl Langeland (V), Charlotte Skjølberg (SV) og Audun Åge Røys (H) var framleis for slike samtalar, men såg at dette ville ikkje gje fleirtal i formannskapet.

- Venstre er av den meining at vi gjerne skulle sett kva vi sa nei til, sa Langeland.

- Eg meiner framleis at vi burde snakke saman, men det blir ikkje fleirtal for det, så vi stiller oss bak kommunevedtaket, sa Skjølberg.

Vil observere

Bremanger er likevel invitert til å vere observatør i forhandlingane mellom Vågsøy og Flora, og dette ville fleirtalet i formannskapet benytte seg av. Det beli poengtert at Bremanger framleis er for et kystsamarbeid og politikarane meinte at observatørstatus i forhandlingsmøta ville sikre dei direkte og riktig informasjon framfor eit framtidig kystsamarbeid.

Arbeidarpartiet sine to representantar, Espen Sortevik og Åse Leirgulen, stemte derimot også imot å ha observatørstatus i desse møta.

- Vi har fått signal om at det i vår gruppe ikkje er ønske om observatørstatus, sjølv om eg personleg er for. Vi har eit ganske sterkt årsmøtevedtak som vi er bundne av, sa Espen Sortevik, før han ba om avstemming på spørsmålet om Bremanger skulle observere eller ikkje.

Her stemte Høgre, KrF, Senterpartiet og Venstre for å observere, medan Ap var åleine om å vere imot.

Det blir ordførar Audun Åge Røys og varaordførar Marius Strømmen som stiller som observatørar i forhandlingsprosessen mellom Vågsøy  og Flora.

Saka vert ikkje teke vidare til kommunestyrebehandling.