Kalvåg Bygdelag er frustrerte over eit aukande forfall på Lisetbua i Kalvåg.

Kystmuseet i Sogn og Fjordane fekk bua som gåve av Bremanger kommune i 1992. Nokre år etter vart den restaurert med nytt tak og måla.

- Sidan den gang har bua hatt eit aukande forfall, og er no skjemmande å sjå til og fare for omgjevnadane, skriv bygdelaget i eit brev til Kystmuseet.

Dei viser til at bua er godt synleg for både innbyggjarar og turistar. Lisetbua ligg midt i vågen i Kalvåg, og er ein del av sjøhusmiljøet.

- Når Kystmuseet tok over bua så trudde vi at den var «i gode hender», og at den ville bli tatt godt vare på. Slik er det ikkje blitt. Kystmuseet bidrar no til forfall av kysthistoria i staden for å ta vare på den, skriv styret og ramsar opp ei lang liste over kva forfallet på bua inneber; mellom anna råteskadar og at bua sig kraftig på grunn av skade på grunnmur.

No ønskjer Kalvåg Bygdelag å få Kystmuseet til å legge fram ein framdriftsplan for vedlikehald og utbetring av bua. Deretter må arbeidet med utbetring starte straks, meiner dei.

- Dersom kystmuseet ikkje har høve eller økonomi til å vedlikehalde og utbetre bua, så bør den gå tilbake til Bremanger kommune, skriv bygdelaget i Kalvåg.

Det er ikkje første gongen kystlaget snakkar ut om det dei opplever som eit stort problem.

Som tidlegare leiar i Kalvåg kystlag har han vore involvert i prosessen med å få buene tilbake på lokale hender, og allereie for flere år sidan begynte kystlaget og andre å uroe seg for desse gamle kystbuene.