Det bekreftar partia på ein pressekonferanse i Selje no klokka 13.30. Partia opplyser at den totale kostnaden på tunnelen er 2.699 millionar kroner og at 1,504 milliarder kroner er sett av i den første delen av planperioden (2018-23), medan 1,196 milliardar ligg inne i den siste perioden (2024-29). Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) frå Hornindal seier til Fjordenes Tidende at man kan starte bygginga i 2019-20 om planlegginga går som den skal.

(Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta)

Stad skipstunnel, som vil gå fra Moldefjorden til Kjødepollen, vil vere 1,7 kilometer lang, 37 meter høg og ha ei breidde på 36 meter. Rundt 3 millioner kubikk fast fjell skal takast ut i byggeperioden som er estimert til 3-4 år.

Både regjeringspartia og støttepartia var på plass i Selje i ettermiddag.

- I fleire tiår har det vore jobba målretta for å bygge Stad skipstunnel. No blir dette ein realitet takka vere regjeringspartia Høgre og Frp og samarbeidspartia KrF og Venstre. Stad skipstunnel vil bli verdas første skipstunnel. Den vil gje trygg reise forbi Stad, legge til rette for næringsutvikling og regionbygging og bli eit turistmål i verdsklasse. Den vil også legge til rette for å få meir transport frå veg til sjø, noko som også er ei målsetting for regjeringspartia og samarbeidspartia. Dette er ein historisk dag! seier Bjørn Lødemel (H).

(Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta)

- Det blir stadig tøffare kamp om samferdslemidlane, og Stad skipstunnel har vore skubba på i alt for mange år. Eg er difor veldig glad for at vi omsider har klart å skjere gjennom. No kjem tunnelen, og gir heilt nye moglegheiter for både næringstransport og passasjertrafikk. Vestlandskysten blir omsider knytt ordentleg saman, uavhengig av vêr og vind. I dag heisar vi flagget på kysten! seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) frå Nordfjordeid.

(Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta)

- Eg er glad for at Stad skipstunnel no endeleg vert realisert. Det har over fleire tiår vore gjeve politiske løfte om at skipstunnelen skulle bli ein realitet, utan at verken planar eller pengar har vore på plass. No seier Frp/Høgre-regjeringa, saman med samarbeidspartia, at tida for politiske lovnader er over, no er det tid for å innfri. Sogn og Fjordane Frp har hatt skipstunnelen som sin hovudprioritet i våre innspel til Samferdsledepartementet og Frp sin transportfraksjon på Stortinget. Det er svært gledeleg at vi er lytta til og at vi får oppstart så snart alle planar og anbod er på plass, seier eidar Lars-Svein Drabløs, som er fylkesleiar i Frp.

(Illustrasjon: Kystverket/Snøhetta)

- For ein som har vakse opp på kysten og opplevd både uvêr og farlege situasjonar er det ekstra stort å oppleve at vi no får gjennomslag for vår førsteprioritet, Stad skipstunnel. Med prosjektet på plass knyt vi kysten saman og gir området endå ein kvalitet av internasjonal standard. Stad skipstunnel viser framfor alt at vi er villige til å satse på kysten! seier KrF sin toppkandidat i Sogn og Fjordane, Tore Storehaug frå Askvoll.

Les mer: