Svein Hansen blir sittande som styreleiar for Sjukehusaksjonen Nordfjord. Arkivfoto: Sindre Blålid Kvalheim
            (Foto: Sindre Blålid Kvalheim)

Svein Hansen blir sittande som styreleiar for Sjukehusaksjonen Nordfjord. Arkivfoto: Sindre Blålid KvalheimFoto: Sindre Blålid Kvalheim

Held fram som leiar

Svein Hansen frå Selje fortset som styreleiar for Sjukehusaksjonen Nordfjord.

Detet vart klart etter årsmøtet, som fann stad på Eid kyrkjetun 15. mars.


Med seg i styret har Hansen, Gunnvor Sunde frå Gloppen (nestleiar), Toril Sørland frå Eid (sekretær), Marit Nore Sørhaug frå Vågsøy (styremedlem), Roald Rindal frå Eid (styremedlem), Hans Gunnar Våge frå Vågsøy (styremedlem) og Knut Leirgulen frå Stryn (styremedlem), som erstattar Tanja Heggen.

Styret konkluderer i årsmelding for 2016 med at innbyggarane i Nordfjord er flinke til å gje attendemeldingar til Sjukehusaksjonen om erfaringar dei har med dei helsetenestene som i dag er å finne ved Nordfjord sjukehus (NSH). 

– Mange set pris på den behandling og oppfølging dei får lokalt, medan andre meiner dei ikkje har fått den hjelpa dei treng lokalt slik dei var lova. Spesielt siste gruppa deler synspunkt som dei meiner vi må fokusere på, slik at NSH kan gje betre tilbod enn i dag, skriv styret, og fortset:

– Dette gjeld spesielt det polikliniske tilbodet ved NSH. Innbyggarane meiner at opningstider ved ulike poliklinikkar må aukast for å stette etterspurnaden, slik at fleire får lokal behandling og oppfølging, og slepp lange reiser til anna sjukehus. Spesielt nemnt er gynekologisk poliklinikk, men også andre poliklinikkar bør nyttast meir effektivt.


Fullverdig dagkirurgi er også tema.

– Slik det er i dag med 60 operasjonsdagar pr år er det dårleg nytting av operasjonslokalitetane. Sjølv Medisinske senter i landet, med dagkirurgi, har denne aktiviteten på heilårsbasis. Signala frå innbyggarane er moment vi i Sjukehusaksjonen vil fokusere vidare på, skriv styret.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå