Det var mange som ville lese saka om at Selje Næringsforening meiner at ein ikkje treng å rive heile hotellet etter brannen.

I brevet frå næringsforeininga til Selje kommune skriv dei blant anna at hovudbygget ser ut til å vere så lite skadd at det mest truleg kan nyttast etter rehabilitering.

Brevet kjem som ein reaksjon på at kommunen ber om at hotellet rivast innan 1. mai. Saka om kommunen sitt vedtak vart også godt lest denne veka.

Måndag denne veka stod Isabelle Aarvik på scena i Samfunnshallen og fortalte historia si framfor 500 frammøtte. Saka om arrangementet var det mange som ville lese.

Du kan lese meir om arrangementet her, og her kan du lese Isabelle si historie.

Saka om at ukjende personar oppsøkte ein privat bustad er også godt lest denne veka.

Politiet i Selje ber no om tips etter at to ukjende personar oppsøkte ein privat bustad og ønskte å få overnatte.