– Vi produserer handlaga sjokolade i eigne lokale. Vi har kjøpt inn utstyret og det er eit stort potensial. Vi har alle moglegheiter. Det får bli litt opp til kva vi får til og har lyst til, seier dagleg leiar Jan Fredrik Fosse ved Knutholmen.

7. april opnar dei dørene til «Butikken» i den gamle Nødsetbua, der dei vil selje sin handlaga sjokolade og elles ein miks av interiør, turklede og lokalt øl. Sjokoladen dei vil selje har dei drive med «på hobbybasis».

– No har vi utstyr til å produsere mykje. Men vi skal ikkje bli ein sjokoladefabrikk, ler Fosse.

Med butikken skapar dei ein ekstra arbeidsplass i Kalvåg, i tillegg til fleire i sommarsesongen. Det er Elisabeth Fosse som blir ansvarleg for butikken. Familiebedrifta har elles kring ti fast tilsette, der seks er i familie. I sommarmånadene aukar staben til kring 40 tilsette.

Butikken er berre ein del av den større utbetringa som skjer ved Knutholmen. Dei oppgraderer i desse dagar til kjøken med induksjon og byggjer to store barar. I restauranten lagar ein ny buffetsone, sørveggen blir flytta 3,5 meter og nye, større vindauge og dører blir sett inn.

– Då får ein meir lys og betre kontakt til hamna, seier Fosse.

I andre etasje aukar ein takhøgda.

– Dette er den største endringa. Vi får eit heilt anna rom. Det har vore litt trongt og tungt der oppe, seier Fosse, om lokala som blir brukt til konferansar og selskap.

Ute blir det ny fasade og kai. Ifølgje Fosse er utbetringane godt i rute og dei har halde ope heile tida medan oppussinga har gått føre seg.

– Denne helga hadde vi 80 gjestar, så det kjem ikkje i konflikt med overnatting, og møterom har vi på den andre sida.

Effektane av den nye butikken og dei omfattande utbetringane kan gje utslag allereie i sommarsesongen.

– Vi trur at gjesteopplevinga blir mykje betre når vi får heilt anna lokale, og så får dei som jobbar hos oss ein lettare arbeidsdag, seier Fosse.